onsdag 16. mars 2016

Tre blogger - skal eg kutte ned eller berre skrive i veg????

No - bestemmer eg - eg skal bli meir skrivande ......

Været er alt forutsagt - det vl eg ikkje skrive om her!
Tida - den berre går heilt av seg sjøl, så det er ikkje naudsynleg å skrive om!
Kva står att og er viktige nok?

Følelser er viktige!
Folk er viktige!
Natur er viktig!
Språket er avgjerande - og eg har valgt meg ut nynorsken!
Den gjer at eg klarer uttrykke meg og lage skrivne bilete av det eg har nemnt ovanfor som viktige.

Ellers kjem eg nok på meir etterkvart som eg vil ta opp her.

Andlete og uttrykk fortel mykje om følelsar.
Eg liker male andlete,
liker bruke ulike penslar og malemåtar.

Har du lyst å skrike somme tider?

Når uretten vert for stor i fordi ein ikkje vert rekna med  - synes eg høyrer ordet:"kvinnfolk"   ????
Høyrer du det  - ofte sagt i negativ meining og med stor forakt?
Ikkje bry deg om det - vi er mange....over halvparten av verdas folk!
Kanskje på tide at vi krev likeretten vår no då?
Og ordet:"kvinnfolkarbeid og kvinnejobb" - kven fann på det tru?

Heilt sikkert ein av det andre slaget... dei som kan takke oss forat dei kom til verda!!!

Dette får halde for i dag - kjem tilbake enno sterkare ein annan dag!
"Tygg litt" på dette eg har skrive og gje meg gjerne ein kommentar!

Ha ei fredfull natt og gode draumar!

1 kommentar:

  1. Hei! I overskrifta spør du om du skal ha ein eller fleire bloggar. Det må no bli det du føler mest for, men eg for min del likar å samle alt i ein blogg. Då er det lett å sjå tilbake, og eg har ei minnebok over det eg har laga.
    Takk for hyggeleg kommentar på bloggen min, og det er kjekt å høyre at du likar trekantpungen. Påskeferie skal eg ha, ja.

    SvarSlett