torsdag 28. desember 2017

Mellomjula 2017

Så er vi komne så langt - 28 desember 2017.

Og vi fekk julesnø 1.juledag om morgenen, kvitt men ikkje så veldig høgt...
kjølig men verre er det no - minus 8 grader i kveld og ca.10-12 cm snø.
Sola kikka fram ei lita stund før ho seig nedatt bakom fjella i sørvest. No blå himmel og klarver!

I dag er det juledans i onsdagsklubben og vi skal dit.
Det er berre for vaksne folk - altså dei som er over 45 år! 
God lokal musikk frå Romsdalen.
Skal bli kjekt med romjulsdans!

Før i tida var det mykje oftare og i nærmiljøet, mange tome ungdomshus og forsamlingshus vitnar om det.
Men altså: Dansegleden lever i beste velgåande!!!

På tide bilen får røre seg og, blir ikkje så mykje brukt som før - men då sparer vi mijøet må vite!
Og på versynet ser vi at det kjem til å halde seg utan nedbør nokre dager til.

Ellers gjer ein seg ymse tankar om alt som hender i denne tida, gavebytte og mykje sal alle stader, slikt treng vi ikkje bry oss om.
Tankane går istaden bakover til framfarne dager, der vi laga julegåvene sjøl og der juletida var gode familietreff og glede og varme. Gode bøker og spel.
Godt å ha gode minner å sjå tilbake på.

No har jo dei fleste stressa frå seg så eg vonar dei klarer ta innover seg roa og stillheten som kan gjere godt for framtida.
Samle krefter og energi, kjenne på gode følelsar og tankar - og gjere opp årsrekneskapen  med gode fortsett  som kan gi alle gode dagar.

Ynskjer alle mine lesarar eit retteleg godt nyttår - vær vaken for alt det gode som du kan ta imot og gi vidare - kanskje det kan gi fred langt utover våre grenser.

Sender mine hjartelege helsingar og gode tankar til deg!


Husk at våren kjem til oss om ikkjue så lenge!

tirsdag 12. desember 2017

Desember 2017

Kor er dette åre forsvunne???

Er det slik for deg og - at dagane berre ryk avgarde? 
Fortare og kortare for kvar dag!
Livet er egentlig ganske så kort - alle sekunda og minutta stopper ikkje fordi eg stopper opp litt!
Tenkjer, funderer, og legger nokre planer gjer eg enno!
Snøen ligg i tynt lag her og det er kaldt ute. 
Men lyset tykkjest sterkare med den kvite snøen, og no er det 10 dager til solsnu omlag. 
Ser framover og gleder meg over kvar dag - uansett kor mykje som prøver ta livsgleda frå meg. Eg set meg høgare mål slik at det trivielle forsvinn i bilder med varme og glødande farger - ilag med vare og lyse antydningar.
Har fått venner her og har så mykje på "Tapetet" som ein kan ynskje seg.

Eit lite uhell - is under snøen på trappa - så ramla eg og slo meg, men heldigvis; eg braut ikkje noko, så eg ser framtil at blåflekker og vondter forsvinn etterkvart. Men denne opptreningstida nytter eg til fulle (klarer ikkje sitte lenge i ro) best å gå seg til!
Kanskje vert det romjulsdans likevel!

Her eit lite forsøk på julekort!

Trur eg sender digitale julekort denne jula - så kanskje velger eg denne eller noko anna!
Eg er veldig glad i denne "stille" mørketida, då kan eg ta fram mine uleste bøker og krype i godstolen ei lita økt. 
Men det vert litt bakst denne jula oge - uten kveitemjøl,sukker,m.m.
Jammen finns det mange oppskrifter som er både sunne og gode.

Jau då - eg er inne på grønn linje når det gjeld mat  - det er so moderande med grønt og berekraftigt ..... men eg lyt sei at det gjer meg godt!!!
Mykje frukt og grønnsaker - vi heldige som får tak idet heile året!
Så eg slepp unna slankehysteriet etter nyttår!!!
Tenk over det du og!

Jaha, dette var siste nytt herfra i dag, no har eg anna å gjere!
Ha ein god dag vidare og ikkje gløym å sjå innom websida mi :
www.sylvias-paintbox.com

Det kan hende den beste julegava finns blant mine ting, du får dei berre hos meg - og er originalkunst rett frå kunstnaren!

Ha ei god førejulstid, husk å ta ei kvilepause i stresset!
💗💚💜🌟🌞😊

lørdag 21. oktober 2017

Julemånaden desember 2016

Sumaren gjekk og hausten forsvann - alt skjedde voldsomt fort......

Men det visste eg ikkje  den gongen.
Ting la seg tilrette og det vart kjøpt nytt husvære i anna kommune, med mykje sol - og så skulle huset i Midsund seljast, det gjekk fort også.
Det som vart tyngst var flyttinga - vi gjorde alt heilt aleine og det er ikkje spøk å kjøre 24 flyttelass, der kvar veg tok to timar, inkludert ferjer.
No slepp vi ferjer - vi er veldig glade for det.
Utallige ventetimar på ymse ferjeleier - der eg fotograferte både tang og tare, sjøfuglar m.m. for å korte ned på ventetida.
Det vart eindel foto av dette.
No har vi budd vel 2 månader i vår nye heim og trives veldig godt.
Men det tek si tid å pakke ut og få ting på plass....akkja, høyrer til den generasjonen som tek vare på saker.
Men alt går seg til og vi har nye venner og bekjente som tek godt imot oss.
Fin utsikt til sjø og andre folk, og ei vakker bru som ikkje viser på dette bildet.
No har vi alt på ei flate og det er ein stad det går an å bli gamle på.
Lettvint og vakkert attpå!



tirsdag 21. mars 2017

Mars 2017....tankar og bilder

Ein marsdag i 2017 ser slik ut.........snøfjell og utsikt sørover!

Mars er visst heilt uberekneleg, plussgrader og minusgrader går meste i eitt, vinden som bles tvers gjennom kleda og isar ned hender på sykkelstyret!
Men trass alt, tørre vegar og sykkelvær. Snøen spør ikkje meg om eg vil ha den - og varselet lovar meir.
Vakre dagar med kamera og speglingar i sjøen - det er fint her i kommunen!
Dei som kjenner meg frå før - ser at motiva har skifta og dette er ein ny plass for meg.
Mykje natur og masser av nye motiv ligg og ventar på mitt kamera.
Stor fjøre og herleg sjø med opptrekk for båt nede ved naustet - vakkert der det ligg!
Gleder meg til vår og sumar med fine grillkveldar!
Til alle mine lesarar - her er min nye heimstad!

mandag 1. august 2016

1.august - veke 31 .....trur sommaren vil vare ei stund til!


Mykje vær i juli, skifta mellom vakkert og varmt til regnigt og kjølegare,

likevel seier dei på nyhenda at juli 2016 har vore den varmaste??????
Lurer på kor dei er henne på værkarta?

Vi her ute ved havet er takksame for solgløtta og finn lune plasser i solveggen som gir oss fin farge og god avslapping. Glad for bris og som jager vekk mygg og knott - dei har ikkje vore så mykje her før, så det fortel at nedbør har vore her og.

Som pensjonist er eg glad for å kunne nyte kvart minutt i sola og i hagen!
Likevel hoper det seg opp med ugjorte ting - det kan jo utsettast til det vert innevær!

Gripe dagen her og no - er det eg prøver på!

Idag er det lett skydekke, glimter blå flekker på himmelen og varmen er stigande over 15 grader så tidleg på dagen.
Vaskemaskina durer og andre oppdrag venter - 
så nyt dagen alle dere som er innom sidene mine! 
Bildet er en akvarell som er tilsalgs  - pris kan avtalast.

sjå gjerne innom: www.sylvias-paintbox.com for fleire bilder!

lørdag 30. juli 2016

Dei seier at sumaren snart er over...????

Men her nyter vi dagane og ser solbæra modne og smake søtt!


Små katastrofer - som at rådyra gjekk inn i min uvakta hage og forsynte seg grådig av mine dyre og nyplanta hagebusker og blomar......

Ikkje serleg kjekt å kome heimatt den dagen og sjå katastrofen!

Men no er alle blomane og denne spesielle busken fint inngjerda med kompost-netting fra Biltema! Ideellt til hunder som løpegård og for at rådyra ikkje skal ete meir av plantane.
Men blomane på dette treet får eg ikkje før til neste år - alle knoppa og toppar var bortevekk!

Kjekt at sola tørka marka idag - så alt graset gjekk i slåmaskina!

Gjort for denne omgangen! 
Nyter kvar solstråle på verandaen og nede i hagen i min nyoppsatte pagode!
Laga heimelaga iskaffe og skal no til å fikse ein dessert av jordgubbar med fløyte på!
Snakk om å ha det på K!
Dessuten er gradene så varme at kortebuksa er på - då vil eg sei at sommaren har vi så lenge det rekker til - og det kan vare til langt ut i september det!
Optimisten har tala!!!

No får alle mine lesarar nyte laurdagskvelden og ha ei retteleg god helg!

Pagoden min er sekskanta og eg tykkjer den er vakker!!!

GOD  HELG


søndag 19. juni 2016

Slik dagane går... og vi kjenner dei ikkje!

Denne våren har vore veldig rar.....

Fra det å planlegge utover og sjå korleis alle planar måtte leggast brakk, og vente, vente.....og vente endå lengre?

Maleriet eg legger inn her var mitt første som 15 åring, under kyndig veiledning av Kunstmalar Harald Seim frå Kinn som eg var så heldig å få undervisning av.
Dette var i den tida at det fantes ikkje stipend eller muligheit til å få lån til skulegang.
Notidas ungdom har jo alle muligheiter om dei berre vil og lager seg mål.
Eg visste veldig tidleg kva eg ville gjere når eg blei stor!
Og undervegs i livet gjennom fleire utdanningar - og arbeidsepoker, pengar måtte eg tjene for å leve av - og så kom eg dit hen at eg kunne bruke heile tida mi til biletskaping!

I ein alder av 76 år maler eg framleis.
No er tida då eg har med meg all kunnskapen eg har tileigna meg - no kan eg bruke den slik eg ynskjer.
Men kva skjer då?

Eg føler notidas nedvurdering av alder og kjønn, nokre seier det rett ut:
Du er ikkje verdt noke!
Du skulle vore mann - det hadde vært lettare - ser eg.

Eg er ikkje einig.
Eg verdset meg sjølv i denne usynlege krigen som profesjonane fører, eg er den eg er og kunnskapen og evnene mine kan ingen ta i fra meg!
Eg er stadig på vandring i livet - søker stadig nye uttrykksmåter og vert glad som eit barn når eg finn noko nytt i skapandet.

Eg vil sei til alle som har ei drivkraft i skapande utvikling: Ikkje sjå eller høyr på dei som vil dra deg ned i fortviling, men følg hjertet ditt og ha tru på deg sjøl!
Søk til slike som du kjenner vil deg vel! Og sky personer og ting som dreg ned.

Kunnskapen er lett å bære - du kan ha den med deg opp på dei høgste fjelltoppane.

Hausten er ei flott tid og fargane er eksplosive, gøy dei i minnet til dei kvite dagene kjem, du vil få bruk for dei!

Ha ei flott midsumarhelg og nyt dagane!