Flott sol heile dagen og bikkjekaldt om natta - sola må nytast i boblejakke!!!
Nydeleg vårvær og takk for herleg sol! Mykje god energi -
og den har eg brukt på den såkalla magiske ryddinga!!!
Starta sist mandag og spreidde alt utover.....
du store alpakka kor mykje som finns av klede i skuffer og skap og alt eg hadde glømt av.
Har prøvd lage ein kollasje av det store slaget eller skal eg kalle det stormen..?
Dette er eit lite inntrykk av fullstendig kaos før eg starta sortering og bruken av søppelsekker. Sorterte grovt i ulike sjangre før eg tok finsortering og kaste med hard hand. Ganske tøfft, hive ting eg har samla på i meir enn tretti år?
Så eg brukte fleire dager på utvalg og å kjenne på følelser og minner.
Tilsist var der fulle sekker og tomt golv, stor lettelse - men og i det at eg vil gi bort til kle-innsamling slik at andre kan nytte det som er bra.
Så kom resten av jobben, finne lagringsplass og brette sammen alt og legge det i gjennomsiktige plastbokser som får plass i åpne hyller i kleskapet.
Kvar kategori for seg, som genser, jakke, t-skjorte, bukser,m.m. Enkelte ting var hengt opp som dressjakke, kåpe, og litt anna.
Heile fem dager brukte eg og ser no at eg slepp ikkje unna spesialbretting av strømper og strømpebukser, sokker og truser??? kor eg skal få det til då. Må visst lese litt meir i bokji og få rett struktur.
Må sei eg er litt stolt av resultatet sålangt, det ser da veldig ryddig ut?
Men eg trur nok at etterkvart vert meir teke vekk og kanskje sortere meir etter fargar og? Utruleg - eg finn tinga mine att, og JA, eg henger tilbake det eg har brukt før eg velger nye ting å gå i!!!
Godt å kjenne på følelsen av å mestre dette med orden, trur iallfall at eg har lært det så langt no. Men dette var berre klede m.m.
Neste prosjekt blir bøker.... men der har eg jo gitt bort mykje fra før grunna diverse flyttinger, da er jo bøker altfor tungt å dra på.
Likevel må eg nok jobbe med meg sjøl for å gå den neste "mila" - har bestemt meg at dette skal eg få til!
Det vert nok smitte-effekt på alt rundt meg, kaster avisa straks den er lest no!
Og ser muligheter for ominnredning av ein heil del skuffer med "må berre ha"-ting.
Når eg har komt så langt i ordens-sans er det håp for dei fleste!
Anbefaler på det varmeste denne metoden for å gjere kvardagen litt enklare!
Ha ei god natt!