søndag 19. juni 2016

Slik dagane går... og vi kjenner dei ikkje!

Denne våren har vore veldig rar.....

Fra det å planlegge utover og sjå korleis alle planar måtte leggast brakk, og vente, vente.....og vente endå lengre?

Maleriet eg legger inn her var mitt første som 15 åring, under kyndig veiledning av Kunstmalar Harald Seim frå Kinn som eg var så heldig å få undervisning av.
Dette var i den tida at det fantes ikkje stipend eller muligheit til å få lån til skulegang.
Notidas ungdom har jo alle muligheiter om dei berre vil og lager seg mål.
Eg visste veldig tidleg kva eg ville gjere når eg blei stor!
Og undervegs i livet gjennom fleire utdanningar - og arbeidsepoker, pengar måtte eg tjene for å leve av - og så kom eg dit hen at eg kunne bruke heile tida mi til biletskaping!

I ein alder av 76 år maler eg framleis.
No er tida då eg har med meg all kunnskapen eg har tileigna meg - no kan eg bruke den slik eg ynskjer.
Men kva skjer då?

Eg føler notidas nedvurdering av alder og kjønn, nokre seier det rett ut:
Du er ikkje verdt noke!
Du skulle vore mann - det hadde vært lettare - ser eg.

Eg er ikkje einig.
Eg verdset meg sjølv i denne usynlege krigen som profesjonane fører, eg er den eg er og kunnskapen og evnene mine kan ingen ta i fra meg!
Eg er stadig på vandring i livet - søker stadig nye uttrykksmåter og vert glad som eit barn når eg finn noko nytt i skapandet.

Eg vil sei til alle som har ei drivkraft i skapande utvikling: Ikkje sjå eller høyr på dei som vil dra deg ned i fortviling, men følg hjertet ditt og ha tru på deg sjøl!
Søk til slike som du kjenner vil deg vel! Og sky personer og ting som dreg ned.

Kunnskapen er lett å bære - du kan ha den med deg opp på dei høgste fjelltoppane.

Hausten er ei flott tid og fargane er eksplosive, gøy dei i minnet til dei kvite dagene kjem, du vil få bruk for dei!

Ha ei flott midsumarhelg og nyt dagane!

2 kommentarer:

  1. Du hadde no talent allereie i ungdomstida du, og det har du utvilsamt endå! Om nokon seier noko anna, så må det vere misunning eller noko anna vanskeleg. Stå på og ver deg sjølv. Lykke til vidare med din kunstnarkarriere.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha for din kommentar Edny. Det sette eg veldig stor pris på!!! Eg har vel berre to følgjarar og dei er eg veldig glad for og. Har ikkje klart å få denne bloggen på fjesboka...men eg må sikkert legge inn adressa berre. Skulle vært slik lettvinn F å klikke på. Eg er bortskjemt!

      Slett