torsdag 28. desember 2017

Mellomjula 2017

Så er vi komne så langt - 28 desember 2017.

Og vi fekk julesnø 1.juledag om morgenen, kvitt men ikkje så veldig høgt...
kjølig men verre er det no - minus 8 grader i kveld og ca.10-12 cm snø.
Sola kikka fram ei lita stund før ho seig nedatt bakom fjella i sørvest. No blå himmel og klarver!

I dag er det juledans i onsdagsklubben og vi skal dit.
Det er berre for vaksne folk - altså dei som er over 45 år! 
God lokal musikk frå Romsdalen.
Skal bli kjekt med romjulsdans!

Før i tida var det mykje oftare og i nærmiljøet, mange tome ungdomshus og forsamlingshus vitnar om det.
Men altså: Dansegleden lever i beste velgåande!!!

På tide bilen får røre seg og, blir ikkje så mykje brukt som før - men då sparer vi mijøet må vite!
Og på versynet ser vi at det kjem til å halde seg utan nedbør nokre dager til.

Ellers gjer ein seg ymse tankar om alt som hender i denne tida, gavebytte og mykje sal alle stader, slikt treng vi ikkje bry oss om.
Tankane går istaden bakover til framfarne dager, der vi laga julegåvene sjøl og der juletida var gode familietreff og glede og varme. Gode bøker og spel.
Godt å ha gode minner å sjå tilbake på.

No har jo dei fleste stressa frå seg så eg vonar dei klarer ta innover seg roa og stillheten som kan gjere godt for framtida.
Samle krefter og energi, kjenne på gode følelsar og tankar - og gjere opp årsrekneskapen  med gode fortsett  som kan gi alle gode dagar.

Ynskjer alle mine lesarar eit retteleg godt nyttår - vær vaken for alt det gode som du kan ta imot og gi vidare - kanskje det kan gi fred langt utover våre grenser.

Sender mine hjartelege helsingar og gode tankar til deg!


Husk at våren kjem til oss om ikkjue så lenge!
No er våren her i 2024.
krokusen er framme og snøklokkene med!
Håper eg kan fortsette denne bloggen min - kjekt å skrive litt!

tirsdag 12. desember 2017

Desember 2017

Kor er dette åre forsvunne???

Er det slik for deg og - at dagane berre ryk avgarde? 
Fortare og kortare for kvar dag!
Livet er egentlig ganske så kort - alle sekunda og minutta stopper ikkje fordi eg stopper opp litt!
Tenkjer, funderer, og legger nokre planer gjer eg enno!
Snøen ligg i tynt lag her og det er kaldt ute. 
Men lyset tykkjest sterkare med den kvite snøen, og no er det 10 dager til solsnu omlag. 
Ser framover og gleder meg over kvar dag - uansett kor mykje som prøver ta livsgleda frå meg. Eg set meg høgare mål slik at det trivielle forsvinn i bilder med varme og glødande farger - ilag med vare og lyse antydningar.
Har fått venner her og har så mykje på "Tapetet" som ein kan ynskje seg.

Eit lite uhell - is under snøen på trappa - så ramla eg og slo meg, men heldigvis; eg braut ikkje noko, så eg ser framtil at blåflekker og vondter forsvinn etterkvart. Men denne opptreningstida nytter eg til fulle (klarer ikkje sitte lenge i ro) best å gå seg til!
Kanskje vert det romjulsdans likevel!

Her eit lite forsøk på julekort!

Trur eg sender digitale julekort denne jula - så kanskje velger eg denne eller noko anna!
Eg er veldig glad i denne "stille" mørketida, då kan eg ta fram mine uleste bøker og krype i godstolen ei lita økt. 
Men det vert litt bakst denne jula oge - uten kveitemjøl,sukker,m.m.
Jammen finns det mange oppskrifter som er både sunne og gode.

Jau då - eg er inne på grønn linje når det gjeld mat  - det er so moderande med grønt og berekraftigt ..... men eg lyt sei at det gjer meg godt!!!
Mykje frukt og grønnsaker - vi heldige som får tak idet heile året!
Så eg slepp unna slankehysteriet etter nyttår!!!
Tenk over det du og!

Jaha, dette var siste nytt herfra i dag, no har eg anna å gjere!
Ha ein god dag vidare og ikkje gløym å sjå innom websida mi :
www.sylvias-paintbox.com

Det kan hende den beste julegava finns blant mine ting, du får dei berre hos meg - og er originalkunst rett frå kunstnaren!

Ha ei god førejulstid, husk å ta ei kvilepause i stresset!
💗💚💜🌟🌞😊

lørdag 21. oktober 2017

Julemånaden desember 2016

Sumaren gjekk og hausten forsvann - alt skjedde voldsomt fort......

Men det visste eg ikkje  den gongen.
Ting la seg tilrette og det vart kjøpt nytt husvære i anna kommune, med mykje sol - og så skulle huset i Midsund seljast, det gjekk fort også.
Det som vart tyngst var flyttinga - vi gjorde alt heilt aleine og det er ikkje spøk å kjøre 24 flyttelass, der kvar veg tok to timar, inkludert ferjer.
No slepp vi ferjer - vi er veldig glade for det.
Utallige ventetimar på ymse ferjeleier - der eg fotograferte både tang og tare, sjøfuglar m.m. for å korte ned på ventetida.
Det vart eindel foto av dette.
No har vi budd vel 2 månader i vår nye heim og trives veldig godt.
Men det tek si tid å pakke ut og få ting på plass....akkja, høyrer til den generasjonen som tek vare på saker.
Men alt går seg til og vi har nye venner og bekjente som tek godt imot oss.
Fin utsikt til sjø og andre folk, og ei vakker bru som ikkje viser på dette bildet.
No har vi alt på ei flate og det er ein stad det går an å bli gamle på.
Lettvint og vakkert attpå!



tirsdag 21. mars 2017

Mars 2017....tankar og bilder

Ein marsdag i 2017 ser slik ut.........snøfjell og utsikt sørover!

Mars er visst heilt uberekneleg, plussgrader og minusgrader går meste i eitt, vinden som bles tvers gjennom kleda og isar ned hender på sykkelstyret!
Men trass alt, tørre vegar og sykkelvær. Snøen spør ikkje meg om eg vil ha den - og varselet lovar meir.
Vakre dagar med kamera og speglingar i sjøen - det er fint her i kommunen!
Dei som kjenner meg frå før - ser at motiva har skifta og dette er ein ny plass for meg.
Mykje natur og masser av nye motiv ligg og ventar på mitt kamera.
Stor fjøre og herleg sjø med opptrekk for båt nede ved naustet - vakkert der det ligg!
Gleder meg til vår og sumar med fine grillkveldar!
Til alle mine lesarar - her er min nye heimstad!