mandag 25. april 2016

Og vinteren går sin gang!

Akkja,  ein rar vinter - og legg merke til at no høyrer vi ingen ting om forureiningar!!!!

Altså snø og mange kuldegrader i april - iallfall uventa, men ikkje så veldig nytt akkurat. Har opplevd det tidlegare år og attpå langt ut i juni!
Men eg og mange med meg er så veldig lei av alt det kvite som så rundhanda vert servert oss  denne vårvinteren.
Kva kan vi gjere med det?

Ingenting - berre ta fine bilder og dokumentere til eit anna år; at slik var det i 2016!
Har ikkje teke bileta ut av kamera enno - så eg prøver finne noko som kan vise det samme:

 Nesten like mykje no i april som det var 27.desemeber 2015!

Det verste med alt dette kvite er at det stel energien min  - så no lyt eg berre legge attåt eit bilde med energi!
Ikkje sant det er bedre med farger!!!!

Så ta fram malekosten og kos deg så maler vi snøen fargerik!

Men snart kjem løvetanna med all si kraft og humlene er alt komne her i solveggen! Håper dei overlever kulda til blomane kjem på kirsebærtrea! I fjor vart det flott bærhaust og det kan fort skje i år og! 
Hurra for snart er det MAI!

Ha ein flott ettermiddag!