fredag 1. april 2016

Du store vår........

eg trur den kjem snart, sjøl om snøen kjem fleire dagar!

For no er hestehoven komen i vegkanten og oppe i grøfta.
Merker kor energien stig og arbeidslysta veks....
men no fyk jo dagen avstad med hurtigtoget virker det som.
Eg klarer mest ikkje halde fylgje for timane forsvinn, det er heilt blått ute no og kvelden sig innpå.
I lengre tid har eg undra meg på korleis i all verda eg skal lage dagane enklare for meg sjøl - det vil seie: korleis få gjort meir av det viktige....????
Og kva gjer eg så?
Jau, eg fær av og les i ei bok at det går å bli ryddig! RYDDIG?
Er det ikkje det eg har prøvd å bli i mange år no?
Men eg ser at ein ting gjer eg og sikkert andre feil - eg er ein samlar, så tinga er ikkje blitt mindre med åra. Dette medfører masse tid som går med til å lagre dei tinga, kall det "rydde" i skippertak. Etterpå finn eg ikkje att ditt og datt, så blir det masse tid til leiting og vidare rydding.......og dette hindrar meg i å gjere det eg helst vil!!!

No går det ett lys opp over granskogen.......
eg lyt faktisk starte med å kvitte meg med ein del ting, oijjjj - dette blir vanskeleg, eg liker jo så godt det eg har samla på!
No skal eg tenkje nøye over denne prosessen -
så får eg heller bestemme meg når eg har tenkt litt.
Kanskje er der fleire der ute som tenkjer over slike ting som eg?
Du er hjartleg velkommen til å sei di meining om saka. Gode råd tek eg gjerne imot, og synspunkt på dette at andre ting tek råderett over den tida som er så dyrebar  for oss alle.
Ha ein flotte fredagskveld med gode vårtankar!

Prøver å få lagt inn ein gamal blogg....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar